Plommepai
Server lunken plommepai med vaniljeis til dessert
Ingredienser:
60g smør
2,5 dl mjøl
1 dl melis
100g kesam
Lag deig på vanleg måte og forsteik ved 200 grader i ca 10 min.
Fyll:
1 liter hermetiske plommer
2 egg
2dl matfløyte
2 ts vaniljesukker
Del plommene i to og fjern steinen.
Legg plommene tett i tett i botn av paiforma.
Visp saman resten av ingrediensane og hell over.
Steik paien ferdig ved 180 g i ca 45 min.
Serverast gjerne lunken med vaniljeis og eit mynteblad på toppen.