DessertPlommer

Plommer finst i over 2000 variantar og kjem i eit fargespekter som er heilt unikt. Fargen på skalet varierar frå gul til raud og djup mørk blå. Fruktkjøtet er saftig og gult eller raudt. Smaken er søt og mild.

«Naturen sitt eige sukkertøy»

Me brukar kortreiste plommer frå Hardanger. Der plommedyrking har lange tradisjonar. Plommedyrkinga har sidan innføringa vore ein del av produksjonen på gardane i området. Denne bakgrunnen sikrar Nøring plommer av beste kvalitet.

Tradisjonell plommedessert: Server Dessertplommene med vispa krem og litt mandelstrø.

  • Dessertplommer
    580 ml
    Innhald: Plommer, sukker og vatn (75 g plomme pr 100 g vare)
  • Dessertplommer
    1062 ml
    Innhald: Plommer, sukker og vatn (75 g plomme pr 100 g vare)