Hardangerkling

I Hardanger har me ein rik tradisjon med lefser. Sjølvaste staslefsa er ei smurd lefse. Den var tradisjonelt eit fast innslag i brudlaup, barnedåp, jul og andre høgtider. No nyt me lefsa både til kvardag og fest. Lefsa til Nøring vert steikt på takke, bløytt i klede og til slutt smurd med «kling», me kallar ho rett og slett Hardangerkling.

«Ser du naboen nede i vegen, så set på kaffien og ta lefsa opp frå frysen. Då er begge deler klare til gjesten kjem»

  • Hardangerkling
    230 g
    Innhald: Kveitemjøl, kulturmjølk, meierismør, sukker, rømme, mjølk, egg, prim (mjølk, sukker, sorbinsyre), melis,sirup, natron, sitronsyre, hornsalt