Litt om Nøring
Nøring er ei lita bedrift frå Øystese midt i Hardanger. Namnet Nøring skriv seg frå næring, med andre ord MAT. I riktig gamle dagar sa dei at dei gjekk med Nøring. Det var rett og slett servering av småmat frå ei matkorg kalla Nøringakorg.
Allereie frå oppstarten i 2001 var visjonen vår å gje folk kortreist mat bygd på tradisjon og nytenkjing.
Nøring er basert på lokale tradisjonar og handverk. Me brukar frukt, bær og Ramslauk av beste kvalitet, naturlegvis frå Hardanger. Ein frisk og naturleg smak utan bruk av kunstige konserveringsmidlar.
Me lagar alt frå tradisjonell Hardangerbakst til godbitar frå naturen sitt spisskammer.
Hugleik – fantasi, evne til å førestille seg noko, for oss skaparglede
Nøringdamene Sigrun og Helga
I dag blir Nøring drive av Helga og Sigrun. Me har vore i grunnmuren heilt sidan etableringa. Etterkvart har me begge vorte så prega av lefsebaking at me har vorte ljose i håret.
Tilsette
I sjølve produksjonen er me så heldig å ha med oss Gerda, Ernesta og Kurt David. Når me to laurdagar i månaden pakker bilen for å vera med på Bondens Marked i Bergen har me ofte med oss Signe Karin og Åsta. Signe Karin, som er lokal bonde og rekneskapsførar, liker å krydre kvardagen med torgsal. Åsta er så å seie født inn i Nøring.
Års erfaring
ramslauk plukka for hand kvart år
hardangerkling bakt i året